For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.
Kaféen på Norsk Skieventyr tilbyr god mat til hyggelege prisar. Me lagar all maten frå botnen på vårt eige kjøken, og brukar mest mogleg lokale råvarer. Hjå oss er kvalitet og god smak i høgsetet!
Me er viden kjende for dei heimelaga kjøtkakene og den omnsbakte fisken me serverer. Det same gjeld den gode, gamaldagse lapskausen vår. Og på sundagar er flesk og duppe vår hovudrett.
Ynskjer du berre noko lett i farten kan me freiste med nysteikte baguettar og salatar. Den gode angen av svele kjenner du med det same du kjem inn døra ...! Dessertane og kakene våre er òg heimelaga, saftige og gode. Vår spesialitet er konfektkake, gulrotkake, ostekake og suksessterte. Dei to sistnemnde er glutenfrie!
Kafédrift i Morgedal har lang tradisjon
Morgedal Kro og Sondre Kro var kjende stoppestader for køyrande langs tidlegare E76, nå E134. Tradisjonen med eit hyggjeleg lokale, god service og heimelaga mat held fram i dagens kafétilbod i Morgedal.
Du kan velje mellom langbord eller mindre bord med plass til 5-6 personar. Me kan ta imot grupper inntil ca. 70 personar. I sommarsesongen har me uteservering. Nede mot vatnet har me benkar og bord, og der er du velkomen til å nyte medbrakt mat om du ynskjer det.
Treng du mat til selskap eller anna? Me leverer mat til små og store hendingar.
Ynskjer du å ha selskapet på Norsk Skieventyr har me mange spanande tilbod.
For å få vita meir om vår catering/selskaps meny, ta kontakt med matansvarleg Tone F. Gjerjordet,
tlf. 480 28 949
Norsk Skieventyr (Morgedal), tlf. 35 06 90 80, post@vtm.no
Me har sjølvsagt gratis WIFI, og ligg midt mellom aust og vest like ved E-134 som gjer oss til eit praktisk treffpunkt for folk som treng ein stopp.
Sesong (1 Mai 2020 - 14 Jun 2020) | ||
---|---|---|
Dag | Tider | |
Mandag - Søndag | 10:00 | - 17:00 |
Sesong (15 Jun 2020 - 15 Aug 2020) | ||
---|---|---|
Dag | Tider | |
Mandag - Søndag | 10:00 | - 18:00 |
Sesong (16 Aug 2020 - 31 Aug 2020) | ||
---|---|---|
Dag | Tider | |
Mandag - Søndag | 11:00 | - 17:00 |
Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg si skihistorie med interaktive…
Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.
Korleis såg ein velståande gard i Vest-Telemark ut for om lag 200 år sidan? Sjå nokre av…
Idyllisk bryggje på sørsida av Bandak/Telemarkskanalen med overnattingstilbod for…
Veteranbåten M/S Fram seiler sightseeingturer fra Straand Brygge i Vrådal. Båten går i…
I 1000 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For norske vikingar var brynestein…
Sjarmerande, lita stavkyrkje ( stavkirke ). Ligg ved fantastiske Vest-Telemark Museum…
Då kanalen stod ferdig i 1892 vart den i Europa skildra som eit «åttende underverk».
Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…
Dalen Bryggjeutstilling "Nærare naturen" med foto av Jostein Hellevik, og ei utstilling…
Dalen Hotel, eventyrhotellet fra 1894 i overdådig, romantisk stil.
Åmdals Verk Gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for.…
Heimen til bilethoggaren Anne Grimdalen er den best bevarte komplette fjellgarden i…