Soria Moria booking:
Badstoga kan leigast for 2 timar av gangen. Prisen oppgitt er totalpris for 2 timar, ikkje pr. pers:
1-5 personar kr. 300,-
6-10 personar kr. 600,-
11-15 personar kr. 900,-
Presisering av hygienereglar:
- Alle må dusje før ein går inn i badstoga!
- Personar med symptom på luftvegsinfeksjon (hostar eller nys) har ikkje adgang.
- Ha på badetøy og sitt på handkle på benken!
Om Soria Moria
"Det står ein skikkelse i enden av Bandaksfjorden
Blant bratte fjell og vill natur
Der står ho
Som eit eventyr
Ho vil klarne tankane dine
Ho vil gje deg kvile
I enden av Bandaksfjorden,
Blant bratte fjell og vill natur
Der står ho"
Soria Moria er eit kunstverk av ei badstoge – blinkande som eit smykke i Bandak!
Soria Moria er den første installasjonen i prosjektet «Vannvegens fortellingar» som er inndelt i 6 delar der kvar av kanalkommunane skal få sitt verk. Det er Telemarkskanalen regionalpark, saman med kommunane, som står bak prosjektet. Her kan du lese forstudien til Vannvegens fortellingar.
I Vannvegens fortellingar skal kunst, arkitektur og ljos brukast som eit verkemiddel i eit heilskapleg konsept for å løfte fram attraksjonskrafta i landskapet og gjere stadene langs kanalen meir synlege. «Den bærande ideen er at tilreisande og folk som bur i området skal oppleve kanallandskapet på ein ny måte» fortel arkitekt David Fjågesund i Feste Landskap/Arkitektur. Fjågesund er ein del av det nordiske designteamet bak prosjektet som også har med ein landskapsarkitekt, lysdesigner og kunstar. http://www.feste.no/soria-moria
Inspirasjonen til badstoga er henta fra omkringliggande landskap og historie. Bygget sin karakteristiske silhuett er ei tolkning av dei skrånande fjellsidene som forsvinn ned i Bandak. Kledningen av spon er inspirert av lokal byggjeskikk og innimellom trespona blinker det av gull. Gullsponen dreg linjer til segn og soger og lokal forteljartradisjon; til det mystiske og underlege.
«Gullsponen refererar også til kontrasten som oppsto mellom lågmælte telemarkingar og overdådig utanlandsk overklasse under etableringa av Dalen Hotel på slutten av 1800- tallet» forklarar David Fjågesund.
Landskapet rundt vil opplevast som dramatisk anten ein vel å sitje høgt oppe under taket der temperaturen er på sitt varmaste eller på den lågare plasserte benken. Og skulle ein bli for varm, vil ein dukkert i Bandak garantert vere avkjølande!
Telemarkshistorier: Soria Moria Sauna
For alle
Soria Moria skal vere eit samlingspunkt for alle – ein stad for kvile og refleksjon, for møte og samtale. Det vere seg lokalbefolkninga som arrangerar saunakvelder, hotellgjesten som kan rusle i slåbrok gjennom parken, vandraren som kjem ned frå fjellet eller den slitne syklisten etter å ha tråkka oppover kanalen.
Kor ligg badstoga?
Badstoga ligg nydeleg til på Dalen i Telemark, ved innsjøen Bandak. Sjå kartet her
Parkering på p-plass for friluftsområdet i Markensvegen, så går du ned siste stykket fram til badstoga (200 meter). Parkering for rørslehemma nede ved badstoga etter avtale.
Kva må ein ha med?
- Handkle, gjerne to, så har du eitt å sitje på og eitt å tørke deg med
- Badetøy
- Badekåpe om du har (det er 200 meter å gå frå sanitærbygg med dusj/toalett og ned til Soria Moria)
- Badesandaler/sko
- Pose til vått badetøy og våte handkle
- Lue til etterpå viss det er kaldt
- Drikkevatn
- Lommelykt om vinteren når det blir tidleg mørkt kan vere lurt
Kor mange er det plass til?
Soria Moria har plass til maks 15 personar (då er det kanskje ein fordel å kjenne einannan godt)
Kva er prisen?
Badstoga kan leigast for 2 timar av gangen. Prisen oppgitt er totalpris for 2 timar, ikkje pr. pers:
1-5 personar kr. 300,-
6-10 personar kr. 600,-
11-15 personar kr. 900,-
Korleis bookar eg?
Booking og avbestilling 12 timar før. Alle tidspunkt og datoar er oppdatert i kalenderen. Når du har booka får du ei stadfesting på e-post der du får meir informasjon om nøkkelhenting og anna praktisk informasjon. Badstoga er open for booking mellom kl. 08.00 og 24.00, med siste bookbare klokkeslett frå 22-24.
Korleis betaler eg?
Når du legg inn bestillinga i bookingkalenderen, betalar du direkte med kort her.
Gåvekort Soria Moria
Ynskjer du å gje Soria Moria tid til nokon du er glad i? Sjå bookingkalenderen vår! Kontakt oss på e-post info@visitdalen.com eller tlf. 35 07 56 56 for spørsmål.
Kor hentar eg og leverer nøkkelen?
Det vil du få informasjon om på e-post når du har booka tid.
Kan ein drikke alkohol i badstoga?
Ja det er tillatt i moderate mengder inne i sjølve badstoga når du har booka den, men ikkje ute då det er offentleg plass.
Er det toalett og dusj i badstoga?
Nei, ikkje i badstoga, men me har eit sanitærbygg ca. 200 meter frå Soria Moria, ved parkeringsplass der du går ned til badstoga (sjå kart). Her er det dusj med varmt vatn, toalett og handikaptoalett. Nøkkel til sanitærbygget får du saman med saunanøkkelen.
Korleis blir badstoga varma opp?
Badstoga varmast opp av ein Harvia elektrisk badstogeomn med effekt på 33kW.
Me sørger for at badstoga er slått på og god og varm til du kjem!
Sosiale media
Om du postar bileta dine frå saunaopphaldet på sosiale media og brukar #soriamoria #soriamoriasauna #visitdalen blir me veldig glade, og me kan love deg mange likes!
Velkommen inn i varmen!
Dalen Hotel, eventyrhotellet fra 1894, i overdådig, romantisk stil med dragehoder, tårn…
Sjarmerande lita stavkyrkje. Ligg ved fantastiske Vest-Telemark museum Eidsborg. Omvising…
Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…
I over 1200 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For norske vikingar var…
Heimen til bilethoggaren Anne Grimdalen er den best bevarte komplette fjellgarden i…
Åmdals Verk gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for.…
Idyllisk bryggje på sørsida av Bandak/Telemarkskanalen med overnattingstilbod for…
Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.
Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg si skihistorie med interaktive…
Korleis såg ein velståande gard i Vest-Telemark ut for om lag 200 år sidan? Sjå nokre av…
Regionalt kulturhus i Bø med idrettshall, svømmeanlegg, konsert- og teatersal, kino,…
Bø Sommarland er Skandinavias største vannpark. Ta med hele familien på VANNvittige…
Hogga er det øverste sluseanlegget i Telemarkskanalen. Herfra kan du seile til Dalen uten…
I Kjeldal sluse er det ett kammer som løfter båten tre meter, fra 62 m.o.h til 65 m.o.h.…