La omvisaren ta deg med på ei reise gjennom 800 år. Høyr om historia til stavkyrkjene og korleis kyrkja i Eidsborg har endra seg frå 1200-talet og frametter i takt med tru og skikk. Her får du mellom anna soga om helgenfiguren Nikuls.
Stavkyrkjene blir rekna som Noregs bidrag til verdsarkitekturen. I mellomalderen var det meir enn 1500 stavkyrkjer. Eidsborg stavkyrkje blei bygd mellom 1250 og 1270 og er ei av landets 28 bevarte stavkyrkjer.
Eidsborg stavkyrkje er ei av dei best bevarte stavkyrkjene me har att. Det er den andre kyrkja i Eidsborg, og erstatta ei stolpekyrkje som stod på same staden. I kyrkja finn du helgenbiletet av St. Nikolaus, eller Nikuls som bygdefolket kalla han. Rundt denne vaks det fram ein særskild kultus med særtrekk du berre finn her.
Gjennom kyrkjelege påbod og reformar, endra eigarskap, skiftingar i tru, mote og plassbehov har kyrkja blitt endra opp gjennom hundreåra. Stavkyrkja var i 2010 ferdig restaurert etter tre års arbeid. Eit treårig prosjekt som innebar nye rundar med tjærebreiing vart avslutta våren 2020.
I 2008 blei det lansert ei historiebok om Eidsborg stavkyrkje, skrive av religionshistorikar Øystein Morten. Boka er å få kjøpt ved Vest-Telemark Museum.
Kyrkja er ei levande soknekyrkje med gudstenester og brurevigslar i perioden mai – september, sjå heimesida til kyrkja i Tokke for meir informasjon: www.kyrkja.tokke.no
I sommarsesongen (juni, juli og august) er det omvising til faste tider fleire gonger om dagen, i opningstida til Vest-Telemark museum Eidsborg såframt det ikkje kolliderar med den kyrkjelege verksemda.
Utanom opningstider kan ein bestille omvising for grupper heile året, så sant vér og føre tillet det.
E-post: booking@vtm.no Tlf: 35069090
Billettype | Billettavgift |
---|---|
Årskort familie. Gjeld alle våre museum, kanalpark og 50% på arr.. | NOK 700,00 per år |
Årskort person Gjeld alle våre museum, kanalpark og 50% på arr. | NOK 400,00 per år |
Born 6-15 år Museum, stavkyrkje og kanalpark | NOK 60,00 kombinasjon billett |
Familiebillett Museum, stavkyrkje og kanalpark | NOK 300,00 1 dag |
Grupper min. 10 pers. Museum og stavkyrkje. Omvisargebyr kr 700,- | NOK 100,00 kombinasjon billett |
Honnør/student Museum, stavkyrkje og kanalpark | NOK 100,00 kombinasjon billett |
Vaksne (frå 16 år) Museum, stavkyrkje og kanalpark | NOK 120,00 kombinasjon billett |
NB: prisene er veiledende og kan endres fra dag til dag.
Sommarsesong (1 Mai 2022 - 15 Sept 2022) | ||
---|---|---|
Dag | Tider | |
Mandag - Søndag | 10:00 | - 17:00 |
Omvising i kyrkja høgsesong (15 Jun 2022 - 15 Aug 2022) | ||
---|---|---|
Dag | Tider | |
Mandag - Søndag | 11:00 | |
13:00 | ||
15:00 |
* Omvising i kyrkja utanom sommarsesong (25.06-15.08) etter behov/avtale.
Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…
I 1000 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For norske vikingar var brynestein…
Dalen Bryggjeutstilling - det kjem ny utstilling i 2022, følg med for nærmare info!
Då kanalen stod ferdig i 1892 vart den i Europa skildra som eit «åttende underverk».
Dalen Hotel, eventyrhotellet frå 1894, i overdådig, romantisk stil med dragehovud, tårn…
Heimen til bilethoggaren Anne Grimdalen er den best bevarte komplette fjellgarden i…
Åmdals Verk Gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for.…
Idyllisk bryggje på sørsida av Bandak/Telemarkskanalen med overnattingstilbod for…
Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.
Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg si skihistorie med interaktive…
Korleis såg ein velståande gard i Vest-Telemark ut for om lag 200 år sidan? Sjå nokre av…
Regionalt kulturhus i Bø med idrettshall, svømmeanlegg, konsert- og teatersal, kino,…
Bø Sommarland er Skandinavias største vannpark. Ta med hele familien på VANNvittige…