For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.


Kafeen ved Vest-Telemark museum Eidsborg ei fantastisk ramme for ein matbit eller eit selskap. Det er fritt utsyn mot Eidsborg stavkyrkje og friluftsmuseet. Rett ved kafeen er det fleire utstillingar og ein gåvebutikk, og utanfor finn du ein 105 meter lang vassførande modell av Telemarkskanalen med sluser og båtar. I nærleiken er det også fleire historiske vandreruter.
Maten blir laga på eige kjøken, og bruk av lokale råvarer er viktig for oss så langt det lar seg gjere. På menyen vår finn du både tradisjonsmat og andre gode rettar i sommarsesongen.
Merk at det er eit enklare utval på vekedagar i skuldersesongane - vår/forsommar og haust. Du kan kjøpe kaffi og kake på vekedagar og vi har ein enkel lunsbasert meny i helgene frå 1. mai til 1. juni, og frå 1. til 15. september.
Prøv vår populære buffé på sundagar i perioden 1. juni til 1. september.
Full meny dagleg i høgsesong frå 15. juni til 15. august.
Følg oss på Facebook for oppdateringar undervegs i sesongen.
Me har god kapasitet, og kan ta imot grupper på inntil 100 personar.
Me har moderne lokale for møte, kurs, konferansar og selskap. Ta kontakt med oss for tilbod.
For meir informasjon og bestilling av mat til grupper eller selskap, ta kontakt på e-post: booking@vtm.no.
Merk: Ikkje catering i juli månad
Sjå også: Selskap, møter og catering
Kafeen har gratis WIFI og eit innandørs leikehjørne for born. Det går også an å sitte utanfor kafeen og i Kanalparken og ete.
Det er også Museumskafe på Norsk Skieventyr i Morgedal.
| Sesong (1 Mai 2027 - 15 Sept 2027) | ||
|---|---|---|
| Dag | Tider | |
| Mandag - Søndag | 10:00 | - 17:00 |
Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…
Sjarmerande lita stavkyrkje. Ligg ved fantastiske Vest-Telemark museum Eidsborg. Omvising…
I over 1200 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For vikingane var brynestein…
Dalen Hotel, eventyrhotellet fra 1894, i overdådig, romantisk stil med dragehoder, tårn…
Heimen til bilethoggaren Anne Grimdalen er den best bevarte komplette fjellgarden i…
Åmdals Verk gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for.…
Idyllisk bryggje på sørsida av Bandak/Telemarkskanalen med overnattingstilbod for…
Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.
Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg sin polar- og skihistorie med…
Korleis såg ein velståande gard i Vest-Telemark ut for om lag 200 år sidan? Sjå nokre av…
Regionalt kulturhus i Bø med idrettshall, svømmeanlegg, konsert- og teatersal, kino,…
Bø Sommarland er Skandinavias største vannpark. Ta med hele familien på VANNvittige…
Hogga er det øverste sluseanlegget i Telemarkskanalen. Herfra kan du seile til Dalen uten…