For å gi deg den beste opplevelsen, brukes informasjonskapsler på dette nettstedet. Finn ut mer her.

Allow cookies
Utforsk Telemark

Norsk

English

I Rui-jentenes fotspor, Dalen - Eidsborg

TypeVandring

3880, Dalen

Legg I Rui-jentenes fotspor, Dalen - Eidsborg til i reiseruten din.

2 damer som sitter ved et bord ved Rui-plassen og ser på kart

Om

Krevjande tur spekka med kultur og historie.

Frå starten av sherpatrappa og opp til Rui er det 1 km å gå, 810 trappertrinn, 200 høgdemeter, ca 20-30 minuttar vandring ein veg. Turen heilt fram til Vest-Telemark Museum i Eidsborg er 5 km, ca. 2 timar ein veg. 

For å komme til Rui går du i Rui-jentenes fotspor frå Dalen på eit kunstverk av ei trapp, laga av sherpaer frå Nepal. «Beintsteberg» blir stien kalla lokalt, som tyder den beinaste (kortaste) vegen opp berget. Mykje arbeid er lagt ned i trappa, og opplevinga med først å gå i vakre trappa som snirklar seg opp berget, som om den alltid har ligge der, for så å komme opp i høgda til Rui-plassen er heilt unik. 

Turen startar på steintrapp frå Dalen sentrum, du ser starten på trappa over vegen for Dalen B&B, ved ambulansestasjonen. Steinen du går på er brynestein; lokal kvartsskifer henta frå Omdal skifer. Brynestein frå Eidsborg er Noregs eldste eksportprodukt, frå vikingtid fram til 1950 blei millionar av bryner frakta ned vassdraget (Telemarkskanalen) og ut i den store verda. 

Du kan også gå frå Lastein Bryggje (Dalen). På bryggja legg båtane på Telemarkskanalen til, om sommaren er det her flott utstilling på Dalen Bryggjeutstilling og servering på Lastein Bryggjekafe. God plass til parkering både på bryggja og i sentrum, i sentrum anten ved Coop eller oppe ved turistkontoret.  

Går du frå Dalen sentrum bør du få med deg Rui-jentene som om sommaren står ved fortauet utanfor turistkontoret. Dei er avbilda i full storleik – om lag 1.20 meter høge. Turistkontoret har turbrosjyre og gode turtips, velkommen innom!  

Guida tur til Rui på faste dagar i sommarsesongen, elles i året etter avtale, kontakt oss på turistkontoret. 

Frå starten av trappa og opp til Rui er det 1 km å gå, 810 trappertrinn, 200 høgdemeter, ca 20-30 minuttar vandring. Turen heilt fram til museet i Eidsborg er 5 km, ca. 2 timar. 

I løpet av turen får du med deg fantastiske utsiktspunkt og historiske stader som Riarhamaren og Rui. Informasjonstavler og tilrettelagde kvileplassar undervegs. 

Ta deg god tid opp liane. Ser du etter, vil du finne ein spanande flora med innslag av mange varmekjære planter.

Rui-plassen er i privat eige. Det er ikkje lov å campe på Rui eller i området rundt, verken i telt eller hengekøye. Sykkel på Rui er heller ikkje greit. Familien Haukelidsæter legg ned mykje arbeid på å skjøtte bygningar og kulturlandskap, og halde Rui-plassen open og tilgjengeleg for oss alle, noko me er svært takknemlege for❤️ 

Vis omsyn til bygningar og kulturlandskap, ta med søppel heim og ingen camping. 

Har du Eidsborg som mål kan du avslutte dagen med eit besøk på flotte Vest-Telemark Museum og museumskafeen. Her ligg óg ei av landets minste og flottaste stavkyrkjer, Eidsborg Stavkyrkje.  Rui-jentene ligg gravlagd saman med far Johan ved Eidsborg Stavkyrkje. 

Har du framleis att energi vel framme i Eidsborg kan du ta deg ein tur opp til Brynesteinbrotet Brunåslid, ein tur på 4 km. Historia om «Brynestein frå Eidsborg» er skildra inne på museet. 

Turfakta:

Tilgjengeleg:  april – oktober 

Turkart: Miniguide Dalen - Rui  - Eidsborg / Turkart Tokke 1 : 50000 

Lengde: 1 km til Rui/ 5 km til Eidsborg (ein veg) 

Gradering: Raud (krevjande) 

Totale høgdemeter: 468

Skotøy: Gode tursko 

Høgaste punkt:  Eidsborg 540 moh

Les meir om Rui-jentene:

Boka om "Rui-jentene som kom til Kongen" er til sals på turistkontoret. 

Les om Rui-jentene på telemarkshistorier.no

Telemarkspodden: Rui-jentene - arven etter Ingerine og Gurine 

Trapp opp formen! Her er Noregs lengste, flottaste og mest unike trappestiar (Visit Norway artikkel) 

Vandretur – «I Rui-jentenes fotspor» med overnatting på Dalen Hotel!  

Frå kr 2725,- per person/natt i dobbeltrom

Inkludert i pakka er overnatting på Dalen Hotel, inngangsbillett på Vest-Telemark Museum og 3 rettars middag, frukost og afternoon tea (kl 13.00-15.30).

Pakka er tilgjengeleg gjennom heile hotellsesongen. Bestill vandrepakke her 

 

Fasiliteter

Avstand

  • lengde i km - 5.5 km

Gradering

  • krevende

Målgruppe

  • Familie med barn
  • Voksen

Natur og terreng

  • bratt
  • kulturlandskap

Sesong

  • april - oktober

Varighet

  • 4 timer

TripAdvisor

Kart

Veibeskrivelse

Køyreskildring:

Turvegen startar på steintrapp frå Dalen sentrum, ovanfor vegen ved Dalen B&B. Parkering ved Coop eller oppe ved turistkontoret i Hotellvegen. 

Du kan også parkere nede på Lastein bryggje (Dalen) og gå derifrå. 

Om du kjem langs E-134 frå aust, ta av i Høydalsmo og fylg Fv.45 til Dalen. Dalen Bryggje ligg på venstre hand i det du kjem ned Eidsborgberget. Etter om lag 500m kjem du til Dalen sentrum. Frå Vrådal og Åmot langs Fv.38 til Dalen: Du kjem fyrst til innkjøringa til Dalen sentrum, så får du Dalen Bryggje på høgre hand etter om lag 500m.

God plass til parkering både ved Dalen Bryggje og i Dalen sentrum.

Kontakt

+47 35 07 56 56

Også i nærheten

  1. Historiske Dalen Hotel

    Dalen Hotel, eventyrhotellet fra 1894, i overdådig, romantisk stil med dragehoder, tårn…

    238 m Unna
  2. Rui-plassen

    Rui-plassen der Rui-jentene Ingerine og Gurine budde.

    326 m Unna
  3. Soria Moria Sauna

    Soria Moria sauna og kunstinstallasjon på Dalen

    556 m Unna
  1. Eidsborg stavkyrkje

    Sjarmerande lita stavkyrkje. Ligg ved fantastiske Vest-Telemark museum Eidsborg. Omvising…

    2.22 km Unna
  2. Vest-Telemark museum Eidsborg

    Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…

    2.36 km Unna
  3. Brynesteinsbrotet

    I over 1200 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For norske vikingar var…

    3.17 km Unna
  4. Grimdalstunet

    Heimen til bilethoggaren Anne Grimdalen er den best bevarte komplette fjellgarden i…

    5.36 km Unna
  5. Ravnejuv - Utsiktsplass og turistattraksjon

    350m høgt stup med oppdrift!

    5.92 km Unna
  6. Åmdals Verk gruver

    Åmdals Verk gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for.…

    8.37 km Unna
  7. Bandaksli Bryggje

    Idyllisk bryggje på sørsida av Bandak/Telemarkskanalen med overnattingstilbod for…

    10.97 km Unna
  8. Øverbø - Sondres heim

    Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.

    21.93 km Unna
  9. Norsk Skieventyr i Morgedal

    Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg si skihistorie med interaktive…

    23.41 km Unna
  10. Kviteseid bygdetun

    Korleis såg ein velståande gard i Vest-Telemark ut for om lag 200 år sidan? Sjå nokre av…

    30.66 km Unna
  11. Gullbring Kulturhus

    Regionalt kulturhus i Bø med idrettshall, svømmeanlegg, konsert- og teatersal, kino,…

    59.67 km Unna
  12. Bø Sommarland - Skandinavias største badeland!

    Bø Sommarland er Skandinavias største vannpark. Ta med hele familien på VANNvittige…

    60.10 km Unna
  13. Hogga sluser

    Hogga er det øverste sluseanlegget i Telemarkskanalen. Herfra kan du seile til Dalen uten…

    60.83 km Unna
Previous Next

Se også

Rui in autumnRui-plassen, TokkeRui-plassen der Rui-jentene Ingerine og Gurine budde.

Ikke gå glipp av

Ikke gå glipp av