Kafeen på Norsk Skieventyr tilbyr god mat til hyggelege prisar.
I 2022 er Rubén Mardones Urruela ansvarleg for kafédrifta på skimuseet. Rubén er kjend som drivaren bak Pandora spansk surdeigsbakeri. Han kan tilby ein miks av tradisjonelle spanske og norske smakar, frå tapas og pizza til kling og romegraut. Kanskje fristar det med lufttørka skinke av Ibéricosvin, deilig manchego-ost eller heimelaga spanske kjøtbollar i husets saus? Prøv gjerne ut ostekaka hans eller ein Crema Catalana om du er sugen på noko søtt.
I museets hovedsesong mellom 1. mai og 15. september har kafeen ope 10-17 alle dagar, men merk at det kun er enkel servering på mondagar.
Kafédrivaren er opptatt av å bruke organiske ingrediensar, og han har fokus på høg kvalitet.
Kafédrift i Morgedal har lang tradisjon
Morgedal Kro og Sondre Kro var kjende stoppestader for køyrande langs tidlegare E76, nå E134. Tradisjonen med eit hyggjeleg lokale, god service og heimelaga mat har vore sentralt i kafétilbodet i Morgedal.
Du kan velje mellom langbord eller mindre bord med plass til fem-seks personar. Me kan ta imot grupper inntil ca. 70 personar. I sommarsesongen har me uteservering. Nede mot vatnet har me benkar og bord, og der er du velkomen til å slå deg ned om du ynskjer det.
Ynskjer du å ha selskapet på Norsk skieventyr har me lokale som er mogleg å nytte til ulike samankomstar. Kontakt museet på tlf. 35 06 90 80, eller post@vtm.no.
Me har sjølvsagt gratis WIFI, og ligg midt mellom aust og vest like ved E134 som gjer oss til eit praktisk treffpunkt for folk som treng ein stopp.
Skimuseet i Morgedal formidlar Telemark og Noreg si skihistorie med interaktive…
Øverbø er Sondre Norheim, den moderne skisportens far, sin fødeplass.
Korleis såg ein velståande gard i Vest-Telemark ut for om lag 200 år sidan? Sjå nokre av…
Idyllisk bryggje på sørsida av Bandak/Telemarkskanalen med overnattingstilbod for…
I over 1200 år har Eidsborg og Lårdal hatt eksportindustri. For norske vikingar var…
Sjarmerande, lita stavkyrkje ( stavkirke ). Ligg ved fantastiske Vest-Telemark Museum…
Då kanalen stod ferdig i 1892 vart den i Europa skildra som eit «åttende underverk».
Eit stort moderne museum med stavkyrkje, aktivitetspark, bygdetun og flotte utstillingar.…
Dalen Bryggjeutstilling - det kjem ny utstilling i 2022, følg med for nærmare info!
Dalen Hotel, eventyrhotellet fra 1894, i overdådig, romantisk stil med dragehoder, tårn…
Åmdals Verk Gruver er bygd opp kring arbeidarkulturen som koparverket la grunnlag for.…
Heimen til bilethoggaren Anne Grimdalen er den best bevarte komplette fjellgarden i…
Bø Sommarland er Skandinavias største vannpark. Ta med hele familien på VANNvittige…